Rocky (1976)

Film / 18. mars 2007
4/5

Etter å ha sett Muhammad Ali slåst mot den ukjente Chuck Wepner var Sylvester Stallone blitt så inspirert at han sette seg ned og skreiv manuset som gav liv til den Oscar- boksefilmen, på tre knappe dagar.

Mitt forhold til Rocky har vore ganske sporadisk, det starta med Rocky IV for et og et halvt år sidan, hald fram med Rocky Balboa like etter nyttår, og no endeleg kom eg til filmen som starta det heile. Den gatesmarte Rocky Balboa boksar i amatørligaen og blir, ved meir eller mindre en tilfeldigheit, trekt av registeret til å slåst mot tungvektsmeistaren Apollo Creed (Carl Weathers).

Filmen er ikkje så mykje boksing som en skulle tru, bortsett frå den obligatorisk avsluttingskampen er det lite anna enn nokon treningssnuttar og godt drama. Rocky er en sosial tapar og har ingen skikkeleg jobb. Vegen til suksess og aksept er hard, men mannen har pågangsmot som en italiensk hingst og et veldig stort hjarte. Desse eigenskapane til karakteren er det som får Rocky som film til å utmerke seg, og gjer dramaet i filmen så sterkt som det er.

Bilde av Rocky Balboa i grå joggedress som strekk armane i lufta har nok dei fleste sett. Denne scena i filmen gjorde at håret mitt reiste seg, og blei ståande. Å få denne kjensla når eg ser film er eg stadig på jakt etter. Etter dette klarer eg ikkje, og vil ikkje, finne noko so m trekk ned filmen (var forresten ikkje på utkikk etter slikt her uansett). Har du ikkje sett Rocky så sjå Rocky!

Rocky 1976 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Rocky

Regi

John G. Avildsen

Manus

Sylvester Stallone

Skodespelarar

Sylvester Stallone, Talia Shire, Burt Young, Carl Weathers, Burgess Meredith, Thayer David, Joe Spinell, Jimmy Gambina, Bill Baldwin, Al Silvani

Sjangrar

Action, Drama, Romantikk, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Rocky

Forfattar