Roger & Me

Den andre dokumentaren i dag for meg var gjennombrotfilmen til Michael Moore, ein mann eg har eit anstrengt forhold til. Er det rart, etter å ha sett ein film som Fahrenheit 9/11?

Men Roger & Me var i og for seg ein ganske ok film. Morosam, underhaldande, og ikkje fullt så einsretta og sett på spissen som gjer det heile usmakeleg i dokumentarfilmsamanheng. I senter står byen Flint i Michigan, som etter å ha mista bilfabrikkane sine står igjen som den verste byen i USA. Michael Moore er på jakt etter mannen i sjefsstolen til General Motors, som har sagt opp 30 000 tilsette. Den utpeikte syndebukken.

Det som gjer Roger & Me god er at han fortel historia til Flynt på interessant vis utan alltid å gå i nakken på sjefen Roger Smith. Det kjem fram kva type folk som har jobba i bilfabrikkane og haldninga til folk flest i ettertid til hist og pist.

Kanskje den beste filmen til Michael Moore?

Roger & Me 1989 plakat - Filmdagbok