Rogue One (2016)

Film / 31. desember 2016
3/5

Rogue One er ein Star Wars-film regissert av Gareth Edwards. Filmen kom ut i 2016, og er ein del av ei ny satsing på Star Wars frå Disney.

Sidan eg likar å få med meg kva som skjer av Star Wars-filmar, så var han eit sjølvfølgje for meg å etter kvart. Eg har difor ikkje hatt behov for å sjå filmtrailerar, klipp eller lest om kva dette kom til å verta på førehand. Heller enn forventningar, håpa eg på at dette skulle verta ein kompakt og konkret fortalt historie.

Rogue One handlar om ei ung kvinne, viss far var med å skapa dødsstjerna. Rolla hennar vert å få tak i planteikningane til dette gigantiske våpenet, for å kunna øydeleggja det. Altså er dette ein forhistorie til 1977-filmen Star Wars.

Det som slår meg er at dette er ein langt større produksjon enn eg moglegvis hadde tenkt meg. I form av at filmen både er lengre og har meir påkosta animasjon og mange unødvendige innslag òg.

På sett og viser er mange av delene til filmen gode kvar for seg. Og sjølv om eg stiller meg spørsmål til kvifor mykje vert gjort i det store og heile, er det akseptabelt for framdriften. Med det tenkjer eg blant anna på kvifor planane til dødsstjerna er så omfattande, då løysinga er så enkel. Slikt er mogleg å oversjå, og det pregar ikkje mykje av den totale vurderinga mi.

Det eg har eit problem med, og som er utslagsgivande for mi vurdering av Rogue One til midt på treet, er mangel på god karakterbygging. Det er både for mange og for lite interessante karakterar. Forhistoria til hovudpersonen er tynn, og eg får aldri heilt taket på eller interessa for Jyn Erso som vert spelt av Felicity Jones. Manglar på dette området i filmen fører til fråvær av emosjonelt engasjement til karakterane, og dermed til handlingane som spelar ut seg. Desse skal vera spennande, men utan å vere investert vert det berre tanketom action.

Det er først og fremst dette som skil denne filmen frå eksempelvis 2015s Star Wars: Episode VII - The Force Awakens. Ein film som hadde mykje av dei same ingrediensane, men som i stor grad lukkast med gode karakterar og kjensler.

Rogue One 2016 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Star Wars, Disney

Regi

Gareth Edwards

Manus

Chris Weitz, Tony Gilroy, John Knoll, Gary Whitta, George Lucas

Skodespelarar

Felicity Jones (II), Diego Luna, Alan Tudyk, Donnie Yen, Wen Jiang, Ben Mendelsohn, Guy Henry (I), Forest Whitaker, Riz Ahmed, Mads Mikkelsen

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Rogue One

Forfattar