Roman Holiday

Film · 1953 · · 8. september 2007
4/5

Så som så med forventingar til ein romantisk komedie sett til Roma gav eg likevel Audrey Hepburn og Gregory Peck ein sjanse. Audrey Hepburn vann Oscar for rolla si i denne filmen, og er seg sjølv ofte grunn nok til å sjå ein film.

Roman Holiday klarar å vere både ein reisefilm, som introduksjon til hovudstaden i Italia, og ein romantisk komedie, utan å overdrive på verken den eine eller andre måten. Han flørtar med sjåaren og viser til sekvensar som får fram personane bak ansikta og namna.

Så mykje utstråling og god kjemi mellom kvarandre har Audrey Hepburn og Gregory Peck at den føreseielege handlinga ikkje påverkar negativt. Sjeldan blir eg så godt dratt inn i rollefigurar sitt nærvær.

IMDb-logo
Roman Holiday 1953 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Gregory PeckAudrey HepburnEddie AlbertVis alle

Sjangrar

Land