Roman

For første gang på ei god stund tok eg i dag ein sjans ved å sjå ein relativt ny og smal lågbudsjettsfilm som eg ikkje hadde høyrt om på førehand. Mest på grunn av Kristen Bell, men og fordi eg håpa å bli overraska.

Roman jobbar med sveising og slikt. Han har minimale eller ingen sosiale antenner. Høgdepunktet på dagen er når den unge, søte naboen kjem heim frå jobb i halv seks tida på ettermiddagen, då kosar Roman seg med ein pils og ser ut av vindauge.

Skjebnen skal ha det til at desse to sjelene møtes. Ei hittil tvilsam og svært så uhyggelege stemning vippar over til å bli både søt og sjarmerande. Det mørke ligg derimot aldri langt unna.

Uvissa om kva eg skal tenke når Roman stadig vel å gjere ting uhyggeleg og søtt på løpande band gjer dette til ei unik oppleving for min del. Sjeldan klarar ein film å få meg til å tvile, sitje på tå og trykke meg godt bak i stolen.

Tydeleg filma med digitalt videokamera og til dels enkle, amatørmessige løysingar på visse sekvensar er med på å gi eit viktig særpreg, men får meg i blant til å lure på om utføringa eller handlinga er mest uhyggeleg. Under huda kom kom det iallfall.

Roman tar seg god tid og hamnar litt på sida eit stykke ut i på grunn av mangel på fokus. Og at det ikkje kjem tydelegare fram før etter endå ei lita stund til at han slett ikkje er ein typisk sjangerfilm. Kanskje kunne det ha skjedd meir? Kanskje kunne lengda ha vore kortare?

Alt i alt var nok dette mest ei positiv overrasking, om ikkje skodespelet utmerka seg, så sette filmen fleire støkk i meg undervegs, som sat lenge. Om andre vil like han har eg vanskeleg for å spå. Eg har ei kjensle av at det er ein enten eller-film, sjølv likte eg han.

Roman 2006 plakat - Filmdagbok