Romance & Cigarettes

Romance & Cigarettes av John Turturro markerer eit vegskilje i mitt forhold til musikalar. Det er den første filmmusikalen eg kan like meir på grunn av musikken enn den resten av filmen. Godbitar frå Tom Jones, Bruce Springsteen og James Brown er blant anna å finne her.

Grunnen til at eg ser på dei musikalske framføringane som den sterkaste delen av filmen er ikkje at historia er svak, men ho er kanskje litt rotete fortalt. Du får likevel med deg hendingane utan problem, så det er ikkje direkte øydeleggande. Synginga gir eit inntrykk av å ikkje vere perfekt som i mange andre musikalar. Her blir det sunge med originalsongane med vokal i bakgrunnen, og songstemmene er ikkje alltid like pene, men ingenting eg kunne komme over var falskt heller. Det blir ein eigen sjarm. Dansinga er morosam å sjå på, og er ei etterlikning av mangt ein musikal.

Alt i alt vil eg sei John Turturro har laga ein god film. Han har eit stykke igjen til å vere fantastisk, og har sine manglar. Men er absolutt ei verdig filmoppleving. Ei anbefaling i musikalsjangeren, om du vel å kategorisere han der. Det ser ut til at folk er ueinig på det punktet, men eg ser ikkje grunn til å la vere å kalle dette ein musikal.

Romance & Cigarettes 2005 plakat - Filmdagbok

Publisert

29. mai 2006 av

Regissør

John Turturro

Manusforfattar

John Turturro

Skodespelarar

James Gandolfini, Susan Sarandon, Kate Winslet, Steve Buscemi, Bobby Cannavale (I), Mandy Moore (II), Mary-Louise Parker, Aida Turturro, Christopher Walken, Barbara SukowaVis alle 88 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Musikal, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Romance & Cigarettes