Room

Det er vanskeleg å ikkje like Room, sjølv om det er ein tung sak med ein ubehageleg undertone. Eg gjekk til filmen utan å vite noko som helst om handlinga, og hadde berre sett plakaten og høyrt at filmen var heilt annleis enn andre forventa etter å ha sett plakaten.

Så eg gjekk til filmen utan å sette meg inn i handlinga, i håp om å bli positivt overraska. Dette er ei tilnærming eg ofte tar, og som eg opplever at gjer filmar som treng ta alt i sitt eige tempo gode. Meir vil eg ikkje påstå.

Bortsett frå å skyte inn at filmen ikkje er gladfilmen smila på plakaten gir inntrykk av, så vil eg ikkje vidareformidle handlinga her heller. Og det som gjenstår då er å ta for seg kjenslene dette tilverka. For her er filmen god. I løpet av to timar tar historia meg gjennom ubehag, sinne, glede og rørande glede. Ein god film er for meg ein film som får til å få fram kjensler. Ofte må det bli knytt eit emosjonelt band mellom karakterane på skjermen til meg som sjåar. Ergo handlar det mykje om karakterbygging. Ein film kan fortelja det meste, men er ikkje dette på plass, kan det likevel bli kjedeleg.

Room får altså dette til, og det gir filmen god utteljing og får ei stjerne i boka hjå meg. Eg set også pris på at han ikkje blir for tung. Og at ubehaget ikkje trykker på kvart einaste minutt. Men at det også er spenning i å halde denne delen av filmen ute. Og spenning i å spele på det usette, men det du fort aner skjer. For det tok ikkje lang tid å plassere filmen. Berre eit par minuttar inn og idyllen er historie.

Room 2015 plakat - Filmdagbok