Rooster Cogburn

Rooster Cogburn er ein slags oppfølgjar til True Grit frå 1969, men kan fint sjåast på eiga hand. Filmen handlar om ein alkoholisert marshall spelt av John Wayne. Han blir i byrjinga av filmen fråteken metallstjerna som viser embete hans. Men blir fort gitt det tilbake, men berre midlertidig, for å jakte etter ein kriminell bande som har stole eit vogn full av nitroglyserin.

Ikkje lenge etter at han har lagt i veg på hesteryggen møter han frøken Eula Goodnight, spelt av Katharine Hepburn. Busetjinga som ho held til i har nyleg blitt besøkt av den same kriminelle banden. Og ho ønskjer å vere med Rooster Cogburn vidare på jakta.

Dei to jamngamle skodespelarane, som under innspelinga var 67 år gamle, har ein god kjemi på skjermen. Karakterane dei spelar er som natt og dag. Og det byr på god humor.

Som westernfilm er kanskje ikkje dette det beste eg har sett, men heller ikkje dårleg altså. Akkurat passe god eigentleg. Det er likevel som ein eventyrleg film med litt kjemi, utan å vere ein romantisk film, at han står seg mest fram.

Rooster Cogburn 1975 plakat - Filmdagbok