Rope

Rope er kanskje mest kjent for sitt inntrykk av å vere ei einaste lang taking. Den observante vil legge merke til overgangane, men eg kan ikkje nekte for at det er imponerande filming og speling. Akkurat som å sjå teater på film, men for min del imponerer det ekstra då både det tekniske som kameraføring og lys må vere klart og skodespelarane må stå klar for nærbilde, og måten kamera er planlagt til å fange opp det viktigaste.

Alfred Hitchcock har hatt med dyktige folk å gjere- James Stewart kjem seint inn i bilde etter me gjennom dei andre som er til stades har fått danna oss eit godt inntrykk av personen rollefiguren hans er, eit inntrykk han lev godt opp til. Sånn elles er dette ein snakkefilm av typen eg set pris på, men han mangla litt spiss. I små periodar er det lite engasjerande, og ingenting overgår sjølve ideen. Ut frå forventingane eg hadde var det eit lite vonbrot, men filmen er framleis god.

Rope 1948 plakat - Filmdagbok