Rosemary's Baby

Film · 1968 · · 14. november 2004
3/5

Før eg såg Rosemary's Baby hadde eg ein mistanke om at det kom til å bli nokre teite scener i filmen, som ein fæl, djevelsk baby som skulle terrorisere folk. Men det skjedde ikkje.

Rosemary's Baby var betre enn forventa, og eg slapp både grufulle og dårlege modellar som flaksa rundt og ein teit baby. Men ein ting filmen ikkje klarte å oppnå, var å skremme meg. Det er heller sjeldan slike filmar klarar det i mitt tilfelle.

Skodespelarprestasjonane var i nokre tilfelle ikkje heilt topp heller, men var i det store og heile ikkje noko problem, og underhaldninga var god.

IMDb-logo
Rosemary's Baby 1968 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Mia FarrowJohn CassavetesRuth GordonVis alle

Sjangrar

Land