Roswell

Serie / 1999–2002
4/5

Når eg byrja med Roswell såg eg berre eit par episodar om dagen, men det tok ikkje lang tid før eg måtte sjå alt eg hadde tid til.

Førsteinntrykket mitt var som det gjerne er med seriar, at skodespelarane var greie på sitt beste, men dette hadde lite å sei etter kvart. Alle episodane var interessante på sitt vis, spesielt sesongavsluttinga til første sesong fekk meg til å sitte på høgkant.

Eg skal sei det som det er, og viss du ikkje vil lese avsløringar, må du ikkje lese vidare.

I andre sesong har romskipet reist mot heimplaneten og Max, Michael og Isabel reiste ikkje med det. Inga overrasking på grunn av at serien varer i tre sesongar, og grunnen til at eg nemner det. Karakteren Tess reiste derimot, det var heilt greit, eg likte aldri ho.

Etter andre sesong såg det ut som at Max og Liz skulle bli i lag igjen. Det skjedde litt fort, men la gå. Mine tankar gjekk meir til kva som ville skje med Kyle og Isabel i tredje sesong. Og ville Max leite etter sonen sin, så dei kunne etablere kontakt med heimplaneten på noko måte? Og nokon på jorda måtte jo ha sett romskipet når det reiste. Med dette var serien på ein måte tilbake til mennesket si jakt på romvesen igjen.

Tredje sesong var eit vonbrot, men framleis grei underhaldning verdt pengane.

Eg var nok litt skuffa over siste episode, serien hadde fortent ei betre avslutting, og ikkje ein episode som stod berre stod i stil med den fallande kvaliteten på episodane i tredje sesong. Etter tre sesongar, ein veldig god, ein nesten veldig god og ein grei, så fortente Roswell ein slutt med fleire svar, og ein lykkeleg slutt på anna vis enn dette.

Eg likte serien veldig godt. Men samtidig er det surt å tenke på at serien blei avslutta for tre år sidan, og at det er null sjanse til å få sjå meir. Skal eg vite kva som skjer vidare, må eg eventuelt lese bøkene som kom etter serien, men eg har høyrt at dei ikkje er betre enn heilt greie.

Roswell 1999-2002 plakat - Filmdagbok

Publisert

31. juli 2005 av

Merkelappar

The WB, UPN

Skapar

Jason Katims

Skodespelarar

Shiri Appleby, Jason Behr, Katherine Heigl, Majandra Delfino, Brendan Fehr, Nick Wechsler, William Sadler, Colin Hanks, Emilie de Ravin, Mary Ellen Trainor

Sjangrar

Drama, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Roswell