Rovdyr

I 2010 skreiv eg ei masteroppgåve med bildeanalysar av norske kinoplakatar. Plakaten til Rovdyr var ein av dei eg analyserte. I staden for eit vanleg innlegg vil eg her gjengi kapittelet med analysen frå oppgåva her:

Norsk skrekk- og slasherfilm har blitt eit populært eksportprodukt dei siste åra, og mange slike filmar har blitt laga. Rovdyr er ein av dei som tydeleg er inspirert av sine amerikanske forgjengarar, og har ei handling lagt til tiåret der desse filmane oppstod, 1970-talet. Tiåret då filmar med ungdommar i ekstreme situasjonar som den i Rovdyr utviklar seg til å bli, blei introdusert gjennom mellom anna The Texas Chain Saw Massacre og The Last House on the Left.

I Rovdyr reiser ei gruppe ungdommar på helgetur i retning skog og mark. På vegen stoppar dei ved ei vegkro, der dei hamnar i bråk med lokale personar. Dei kjem seg fort av garde, og på vegen vidare plukkar dei opp ein kvinneleg haikar. Kvinna er stressa og vil snart ut igjen av bilen. Ikkje lenge etter bilen er stoppa blir dei brått overfalne og slått medvitslause. Då dei vaknar opp igjen er dei hamna langt ute i skogen. Lyden av eit jakthorn gjallar, og det blir raskt openberra for oss at dei er viltet i eit menneskejakt.

Rovdyr er ein blodig film med eit skittent uttrykk, og har henta mykje inspirasjon frå amerikansk survival horror. Ein sjanger som går ut på at ungdommar må kjempe for å overleve i ekstreme situasjonar, men likevel blir drepne ein etter ein. Rovdyr er reindyrka horror, ein intens film som portretterer unge menneske, uførebudd og lite eigna til å hamne i ein ekstrem situasjon. Den viser på overdrive vis korleis ungdom møter realiteten, og blir ein metafor for det å bli vaksen. Sett i eit humoristisk perspektiv gjennom å bruke døden som bilde på den harde kvardagen som ventar.

Formale trekk

Plakaten til Rovdyr kan i grove trekk delast opp i følgjande delar: Ei kvit råme rundt eit bilde som teksten på plakaten er plassert over. Bildeelementet gjer seg bruk av ein raudleg farge, som strekkjer seg frå nærast brun, til ein lysare oransje og rosa farge. Teksten er delt inn i fire seksjonar og all tekst består av rein kvit. Eit andlet dekkjer brorparten av bildet, håret er flokete og det einaste synlege auge er vidope. Ujamne, mørke flekker i andletet kan vere skit. Til venstre for andletet ser me silhuetten til tre personar. Over personane, øvst til venstre i bakgrunnen, er konturane av tretoppar. Sjølv om bildet er uklart ser me mørke, lange augevippar over auga, som på ei kvinne som har sminka seg.

Det er fire delar med tekst på plakaten. Den første delen er namnet på fire skodespelarar der skrifttypen er ein smal, sans-seriff-type, og namna er plassert på ei linje i versalar. Den andre delen er filmkritikkar og terningkast i ei kolonne til venstre som ikkje dekkjer over vesentleg bildeinformasjon. Skrifttypen til desse tekstutdraga er den same som brukt på skodespelarane. Den tredje delen er ein midtstilt logo. Skrifta i logoen skil seg frå resten av skrifta på plakaten, ved at den brukar ein fyldigare skrifttype. Skrifttypen er ein variant av Compacta, som er brukt på resten av plakaten i smal variant. I tillegg til å ha ei anna breidde på bokstavane har logoen fått ei rekkje raude merke og riper på seg. Logoen dekkjer over munnen på andletet, og bortsett frå å slå fast at munnen ikkje er open, er det umogleg å sjå kva uttrykk den har. Under logoen kjem den fjerde delen, kredittblokka til filmen i den same tynne, skrifttypen som er brukt i tekst over logoen. Over bildet, mot kanten av plakaten og over logoen, er det rikeleg med støy. Støyen ser ut som slitasje og består både av felt med mangel på farge og nokre riper.

Analyse av formale trekk

Plakaten gir ikkje eit truverdig slitt preg. Då den slitne delen av bildet får fram ein kvit bakgrunn, får den slitne delen av logoen fram ein raud bakgrunn. Hadde det vore snakk om ein ekte, slitt plakat, ville all slitasje ha fått fram den same bakgrunnen. Men overser ein denne detaljen så vil dette som verkemiddel kunne seie følgjande om filmen: Den vil by på skitten handling, som er grov i kantane. Altså ein tøff film der ingenting blir behandla spesielt fint, og med ingenting meinar eg rollefigurane.

Eit forskremt andletsuttrykk som pregar plakaten, med møkkete flekker på huda, tek det skitne frå utforminga og inn i handlinga. Kombinasjonen av ein blodig filmtittel som Rovdyr og eit raudleg preg, bygg endå meir under at personen i fokus kan vere skremt eller er årvaken. Den mørkeraude bakgrunnen går i eitt med fargepaletten som er valt til resten av plakaten, og er ein raudfarge som minnar om blod. Ein assosiasjon som eg dannar meg med filmkritikken og filmtittelen i tankane. I motsetning til ein blank og feilfri plakat, som kan gi forventingar til ein rein og stilistisk film, gir plakaten til Rovdyr forventingar om eit grovt innhald. Det slitne preget gir inntrykk av at plakaten har blitt brukt over lengre tid, eventuelt har blitt dårleg lagra. Det er snakk om eit avgrensa tidsrom, elles hadde ein papiret med stort sannsyn vore endå meir slitt. Grader av brukt til sides: Sett at plakaten viser til ein viss alder, vil òg handlinga kunne gå føre seg for ei tid tilbake sida.

Plasseringa av logoen her er ei plassering som går igjen i mange plakatar frå 2000- talet: I nedre halvdel av plakaten, midtjustert i forhold til langsidene. Plasseringa som er gjort over munnen er interessant, og kan tolkast som ei form for munnbind. Litt som med sitatet frå Aliens: I verdensrommet er det ingen som hører deg skrike…, er det ingen som vil høyre kvinna skrike ute i skogen. Ut i frå auga åleine er det vanskeleg å lese om kvinna er redd eller berre ser nøye etter noko. Men sidan ho har munnbind prøver ho kanskje å signalisere fare til oss gjennom blikket. Fare som kjem med personane som utgjer silhuettane?

Hadde ikkje plakaten hatt filmkritikk, hadde den stilt seg meir open for tolking. Men tekstane her slår fast at dette både inneheld skrekk og terror, og at det er ein film som reindyrkar genren på dette feltet. Det er liten tvil om kva slags film dette er ut i frå desse orda, då orda trass alt er valt av distributørane.

I ein kulturell kontekst

Rovdyr kom i ei tid då det var vanleg å gi omslag eit skittent preg og ein slitt tekstur for å fremje primitiv råskap. Dette trekket finn ein til dømes på The Texas Chainsaw Massacre: The Beginning, og fleire av plakatane brukt i promoteringa av Grindhouse-filmane Planet Terror og Death Proof. Bruken av slike taktile trekk går elles igjen i fleire nyare plakatar. Gjennomgåande bruk av same skrifttype og bruken av trekk som skittent preg og slitt tekstur gir inntrykk av at plakaten er gjort med ei stødig hand. Av di plakaten til Rovdyr ser ut til å nytte seg av desse kjente grepa på ein bevisst måte, vil eg slå fast at det er gjort med hensikt for å nå ut til målgruppa av folk som forventar råskap i ein film.

Plakaten er heller reklame enn kunst, nettopp av det at bevisste grep som er gjort stengjer for tolking i kombinasjonen av bilde med forankrande tekst. Handverket er ikkje spesielt avansert, dette er effektar og bildemanipulering som utan vanskar kan bli gjort i eit program som Photoshop. Det uklare preget gjer mindre gode overgangar mellom ulike bildelelement lettare å skjule.

Rovdyr er ikkje først ute med å nytte eit slite, grovkorna og delvis uklart preg. Taktile trekk som dette er ein del av ei trend som er med på å prege fleire norske kinoplakatar enn berre skrekkfilmplakatar. I Tidens tegn gir Peter Larsen ein effekt som dei taktile trekka i materialiteten til bilde, rolla som forklaringa på at eit fotografi kan ha vore lenge oppbevart i ei skuffe. Dette grepet opnar for fleire spørsmål, eit av dei store er kven som er fotografen som har teke bilde og gøymt det bort. I samband med plakaten som eit medium, blir det store spørsmålet heller når denne plakaten blei laga, før den blei gøymt bort. Om ein skal problematiserer dei taktile trekka i forhold til tid. Eit anna spørsmål er i kva grad taktile trekk er nytta: Om det går over heile plakaten eller om effekten er brukt på logoen åleine?

Mannen som elsket Yngve, ei blanding av drama og komedie, har nytta eit slitt preg og overeksponering, kanskje for å få fram at handlinga der går føre seg på 1980-talet? Medan Død snø kan seiast å liggje nærare Rovdyr i sjanger. Han brukar eit flekkete og ripete uttrykk på logoen sin og grovkornete effektar på resten av bildet. Lista er lang, både når det gjeld skrekkfilmar og annan film, og effekten eit slikt uttrykk har, må vurderast i samanheng med resten av plakaten. Ut i frå det kan ein slå fast at det blir eit grep som kan spegle både tid og stemning. Men ein skal ikkje utelate at det er ei moglegheit for at slike stilistisk grep kan vere gjort ut av ein samanheng; ein litt tilfeldig bruk av inspirasjon som er henta frå andre plakatar.

Plakaten til Rovdyr kan med fleire likskapane til andre plakatar, både i bruken av effektar og plassering av kjente element, seiast å vere ein kjent måte å setje saman ein plakat på. Dette gjer den noko uoriginal. Utforminga byr ikkje på noko spesielt, og både filmtittel og anna tekst styrer meg inn på same spor som bildeelementa med sitt slitne og skitne preg.

Rovdyr 2008 plakat - Filmdagbok