Roving Mars

Denne korte dokumentarfilmen blei sendt på IMAX-kino ein gong i tida, og er knappe 40 minuttar lang. Men 40 minuttar er langt nok til å få fram hovudpunkta i kreasjonen av robotkøyretøya Spirit og Opportunity, deira ferd til planten Mars og data som dei samla inn.

Walt Disney Pictures står bak produksjonen. Sjølvsagt har dei med seg fleire ekspertteam. Difor kan det bli forventa at vinklinga av dokumentaren har eit veldig folkeleg preg. I forklaringa av funksjonane til robotkøyretøya er det brukt mange metaforar som er med på å gi dei eit menneskeleg preg. Som om køyretøya i seg sjølv er nyfødde og kjempar for eksistensen sin. Dette gjer at materiale er enklare å fordøye, men på ei anna side mistar dokumentaren litt av seriøsiteten sin på grunn av dette.

Alt dette til side, Roving Mars er informativ, spennande og har mange, fine bilde i høg oppløysing. Animasjonane er skapt av ei grundig analyse av foto, er godt detaljerte og nær fotokvalitet.

Roving Mars 2006 plakat - Filmdagbok