Royal Pains

Serie / 2009–2016
3/5

Royal Pains verkar som eit bestillingsverk frå tv-kanalen USA Network der kravet var å få Burn Notice, men med ein lege. Ein over gjennomsnittleg smart og ressursrik mann blir fryst ut frå bransjen, og dreg dit strøjobbar hamner i fanget hans.

Serien, som i Noreg kunne ha fått namnet Landsbylegen i the Hamptons, er lett å like. Det er ei blanding av drama og komedie. The Hamptons byr på høg dollarføring. Legen Hank hjelp likevel fattige ved sidan av rikmannsklientellet. Han har eit team av motsetnader, broren og assistentdama. Ein mindre raud tråd gjennom episodane og du må ofte sjå neste episode straks. Ingen klassikar, men lett underhalding.

Etter kvart som eg ser meir og meir av serien likar eg han betre. Det viser at karakterane er gode over tid, og at dei ikkje blir oppbrukt i interne intrigar. Resten av innhaldet i serien er heilt greitt. Det fungerer godt som eit bakteppe for karakterane, men er ikkje verdt tida i seg sjølv. Då tenker eg først og fremst på handling. Miljøet til serien har eg sansen for, og eg prøver stadig å kartlegge geografien mentalt over delen av Long Island me held oss til.

Royal Pains 2009-2016 plakat - Filmdagbok

Publisert

13. juli 2018 av

Skaparar

Andrew Lenchewski, John P. Rogers

Skodespelarar

Mark Feuerstein (I), Paulo Costanzo, Reshma Shetty, Brooke D'Orsay, Campbell Scott, Jill Flint (I), Ben Shenkman, Henry Winkler, Rupak Ginn, Dieter RiesleVis alle 1082 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Royal Pains