Ruang rak noi nid mahasan

Pen-Ek Ratanaruang var eit namn eg beit meg merke i under Kosmorama-festivalen i år. Filmen hans, Ploy, har eg skrive kort om tidlegare, denne gongen er det Ruang rak noi nid mahasan som har blitt sett.

Kenji er japansk, stillferdig, bur i Thailand og har ein fascinasjon for sjølvmord. Ikkje fordi han har økonomiske problem eller slit med depresjon, men fordi døden er ein så stille plass. Når broren kjem på besøk frå Japan etter å ha gjort sjefen sin sur, noko du helst ikkje gjer i yakuzaen, må Kenji flytte hobbyen sin utendørs. Under ein episode på brua møtes skjebnen hans og ei jente han har fanga glimt av på biblioteket der han jobba. Men før ting får skje som me forventar blir alt snudd på hovudet og filmen tar ein uana retning.

For oss som ikkje forstår japansk og thailandsk mistar Ruang rak noi nid mahasan litt av poenget sitt. Eg aner at det er litt surr på talefronten, men faktum at dette er ein trespråkleg film forsvinn i lesinga av undertekstar. Dei to hovudpersonane byter stadig mellom japansk, thailandsk og engelsk etter som det måtte passe dei. Dette surret som eigentleg er meir sjarmerande enn forvirrande for oss, gir også meining bak dei korte dialogane. For å få med seg handlinga må du lese symbola i bilde til filmen, og eg mistenker at ein snev av meining forsvinn for meg her ettersom eg står utanfor japansk og thailandsk kultur.

Likevel er Ruang rak noi nid mahasan ein kjempefin film. Trass i den mørke undertonen formidlar han ein varm menneskelegdom som gjer det til kos å sjå på. Pen-Ek Ratanaruang veit korleis han skal bruke ulike miljø til å plassere karakterane sine og brukar kontrastar mellom ryddig og kaos for alt det er verdt. Møtet mellom slike karakterane byr på interessante scener og får det til å verke som Pen-Ek Ratanaruang berre har geleida desse i lag og observert utanfrå kva som skjer og fanga det på film.

Ruang rak noi nid mahasan 2003 plakat - Filmdagbok