Rubber

Eit gjensyn med Rubber under Katakombefilm 2012. Filmen om dekket som løp løpsk og drep ein haug med menneske mens eit publikum observerer gjennom kikkert.

Rubber er sprø og kunstnarisk. Quentin Dupieux har blanda så mange element at det er vrient å kortfatte akkurat kva filmen er. Mest kjente er kanskje elementa frå skrekkfilmen, men Rubber er likevel ikkje skummel.

Det er som metafilm at Rubber er mest interessant ved gjensynet. Eg skulle ønske det var meir av publikummet og mindre repetisjon av rulling og dreping. Mangel på framgang, eventuelt stemningsbygging, har størst plass i filmen, og dette blir kjedeleg i lengda. Noko som trekk filmen ned eit hakk frå første gang.

Rubber 2010 plakat - Filmdagbok