Rudy

Daniel E. «Rudy» Ruettiger var den tredje av 14 i ein søskenflokk. Heilt i frå barndommen av var draumen hans å spele for Notre Dame Fighting Irish, eit kjent amerikansk fotballag i collegeligaen. Heile vegen var det ingen som trudde at han kunne klare det. Det var dess færre som trudde på han etter kvart som han voks opp til å bli knappe 170 cm høg og rundt 75 kg. Det er godt under gjennomsnittet blant amerikanske fotballspelarar.

Rudy er av typen hjartevarmande og inspirerande film, om ein liten fyr (Sean Astin) som er fullt ut rådd over på å følge draumen sin og spele for Notre Dame. Skildringa av motgangen tar opp ein stor del av filmen og er den beste delen. Når ting endrar seg, for det gjer dei – dette er ingen film som tar uventa retningar, blir det smurt så altfor tjukt på med musikk som skal røre at eg får frysingar oppover ryggen på ein dårleg måte.

Ein av dei verste tinga med filmen er ein sekvens der spelarane til Notre Dame står opp for Rudy mot trenaren sin, og i denne filmatiseringa av ei sann historie er denne fullstendig unødvendige vrien faktisk reint oppspinn. Det var langt i frå slik ting skjedde på det tidspunktet.

Men altså, Rudy har mykje godt for seg, ein inspirerande historie utan tvil. Der det ikkje blir for mykje klarer han og å vere eit delvis rørande og varm drama. Sean Astin går inn i karakteren sin og passar godt som den smått dumme, vesle fyren med stort hjarte. Litt som hobbiten han spelar i The Lord of the Rings.

Rudy 1993 plakat - Filmdagbok

Publisert

10. oktober 2008 av

Regissør

David Anspaugh (I)

Manusforfattar

Angelo Pizzo

Skodespelarar

Sean Astin, Jon Favreau (I), Ned Beatty, Greta Lind, Scott Benjaminson, Mary Ann Thebus, Charles S. Dutton, Lili Taylor (I), Christopher Reed (I), Deborah WittenbergVis alle 85 skodespelarar

Sjangrar

Biografi, Drama, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Rudy