Rules of Engagement

Serie / 2007–2013
3/5

Rules of Engagement er ein diskutabel komiserie med enkle vitsar, tynne poeng, og karakterar som overdriv for å glatte over dette.

Serien har også lun humor, god stemning, gir ei kjensle av å vere ein trygg og føreseieleg sak. Han er dermed fin til å ty til i stunder der lite krevjande underhaldning er trengt.

Kritikk til side, eg har sansen for fleire av karakterane her. Spesielt dei som er framstilt av Patrick Warburton og Oliver Hudson, som er dei minst påtrengande og dei som prøver minst å vere artige. Resten gir det motsette inntrykket.

Skryt til side, så går Rules of Engagement gradvis nedover etter nokon sesongar, men held ut altfor lenge. Kanskje kvaliteten søkk? Kanskje eg mista interessa for det som aldri var topp? Eg likar gjerne nye seriar og nye karakterar å bli kjent med, men kan miste interessa når dei same poenga blir brukt opp igjen. Difor likar eg kanskje best seriar der du får vite ganske lite om folk, eller dei bruker lang tid på å gi litt. Sjølv om dette ofte er i seriar med episodiske historier.

Rules of Engagement 2007-2013 plakat - Filmdagbok

Publisert

21. mai 2013 av

Merkelapp

CBS

Skapar

Tom Hertz

Skodespelarar

Patrick Warburton, Megyn Price, Oliver Hudson (I), Bianca Kajlich, David Spade, Adhir Kalyan, Kellen Love, Diane Sellers, James Koshak, Wendi McLendon-Covey

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Rules of Engagement