Run All Night

Liam Neeson har etter kvart blitt synonymt med rå action og skyting. I Run All Night gjentar han rollen, men action er litt tona ned til fordel for det kriminelle.

Som tidlegare leigemordar har han støytt frå seg familien og erstatta han med alkoholen. Hans vaksne son hatar han, og har ingenting med han å gjere. Dette endrar seg når sonen blir vitne til eit mord, og mordaren prøver å kvitte seg med han. Liam Neeson kjem på bana og vil verna son sin, og ting utviklar seg mot det verre.

Run All Night er ikkje fullt så rett fram og actionprega som Taken-filmane eller Non-Stop, men går ut for å bygge meir historie og er hakket meir realistisk. Det handlar om familie og hemn, og har element som narkotika og organisert kriminalitet involvert. Ei blanding som for min del ikkje alltid lykkast i å interessere meg, men som her fungerer godt nok. Det er nok fordi dumskapar blir unngått, overdrive innvikla samanhengar blir unngått, og både litt historie og gode actionsekvensar får plass side om side.

Det endar såleis opp som ein kurant action, krim og thriller. Og det er ingen poeng i å snakke om verken vonbrot eller klassikar. Filmen er verken den beste eller dårlegaste til Liam Neeson eller Ed Harris, men ligg trygt mellom middels og god.

Run All Night 2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

9. juli 2015 av

Regissør

Jaume Collet-Serra

Manusforfattar

Brad Ingelsby

Skodespelarar

Liam Neeson, Ed Harris (I), Joel Kinnaman, Boyd Holbrook, Bruce McGill, Genesis Rodriguez, Vincent D'Onofrio, Lois Smith (I), Common, Beau KnappVis alle 113 skodespelarar

Sjangrar

Action, Drama, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Run All Night