Run Ronnie Run

Film · 2002 · · 29. oktober 2006
2/5

Filmen klarte ikkje å leve opp til forventingane eg bygde rundt David Cross i hovudrolla. Det heile er typisk middels med enkelte småting som utmerker seg som veldig morosamt. Deriblant eit songnummer med Jack Black, slikt slår stort sett aldri feil i mi bok.

David Cross spelar redneck-en og bråkmakaren Ronnie Dobbs som gjer karriere i å bli arrestert. Heile greia er ei historie om å vere ingenting til å bli Hollywood-stjerne, så denne delen av filmen utmerka seg iallfall ikkje. Det er ingen særlege originale vendingar, og David Cross fungerte rett og slett ikkje som Ronnie Dobbs. Det er ingen sider ved Ronnie som går an å knyte seg til, og heile rollegalleriet rundt fyren er som grove filmkulisser, som ikkje er meint for anna enn å bli sett på avstand.

Det blir for tomt. Det tar altfor lang tid før første skikkelege morosame ting skjer, og altfor lang tid i mellom dei neste.

IMDb-logo
Run Ronnie Run 2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Bruce Taylor (I)David Cross (II)Leon LamarVis alle

Sjanger

Land