Runaway Jury

Runaway Jury kom på kino hadde eg veldig lyst til å sjå han, men så utsette eg det ein månad, og så ein til, også var filmen ute av tankane, og ute av sinn.

Etter det tenkte eg på filmen innimellom, men eg fekk aldri sett han før no. Eg hadde difor høge forventingar etter å ha venta så lenge. Og eg blei ikkje skuffa. Filmen fortener absolutt skrytet han har fått, og ikkje minst gjer skodespelarane ein god jobb.

John Cusack og Dustin Hoffman er begge to skodespelarar eg gjerne ser filmar med etter å ha sett High Fidelity og The Graduate. Her er John Cusack helten i juryen, men han er ikkje den vanlege helten som du fort går lei av.

Runaway Jury 2003 plakat - Filmdagbok

Publisert

8. mai 2005 av

Regissør

Gary Fleder

Manusforfattarar

John Grisham, Brian Koppelman, David Levien, Rick Cleveland, Matthew Chapman

Skodespelarar

John Cusack (I), Gene Hackman, Dustin Hoffman, Rachel Weisz, Bruce Davison, Bruce McGill, Jeremy Piven, Nick Searcy, Stanley Anderson, Cliff CurtisVis alle 91 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Runaway Jury