Runaway Train

Film / 1985
4/5

Jon Voight og Eric Roberts spelar to fangar på rømmen i Runaway Train. Dei hamnar på eit tog som mistar bremsene og togingeniøren, og er åleine igjen i eit fartøy der farten stadig aukar.

Bak seg har dei eit fengsel som skulle vere umogleg å rømme frå, og ein blodtørst fengselssjef. Føre seg ei uviss framtid, men tanken på å hamna i fengselet igjen får dei til å ta sjansar.

Runaway Train er ein spenningsrik film med lineær handling. Han formidlar ei hard og kald historie på engasjerande vis, og det skjer sjeldan for lite i løpet av dei i underkant to timane filmen varer. Eller så er det stemninga som slepp unna med at det skjer lite.

Det betyr lite at karakterane er usympatiske, for meg ligg spenningen i at filmen verkar å kunne overraske når som helst. Ettersom eg ikkje visste noko om handlinga på førehand blei det slik.

Enkelte innslag av flott filmmusikk trekk opp. Og ei litt rufsete kameraføring – spesielt på avstand – gir eit inntrykk av å vere i nærleiken, sjølv om bildekvaliteten ikkje når heilt opp.

Forutan å vere ein spennande film som har halde seg godt siden han kom ut for 30 år sidan, er skodespelet til og samspelet mellom Jon Voight og Eric Roberts verdt å nemne. Dei framstår godt som dei skal, ustabile og uføreseielege, som igjen underbyggj evna til filmen i å kunne overraske.

Runaway Train 1985 plakat - Filmdagbok