Running Time

Running Time skal visstnok i likskap med Alfred Hitchcock sin 1948-film Rope ha vore filma i ein lang sekvens. Han skal også, etter andre kjelder å dømme, ha blitt spilt inn over ti dagar. Poenget er nok at filmen skal verke som at han er filma i ei lang taking. Forutan denne illusjonen kunne Running Time ha vore ein vanleg film med lågt budsjett i svart-kvitt og med eit under gjennomsnittleg godt lydspor.

Sett forbi desse detaljane, og ei ikkje altfor sterk eller original historie, har Josh Becker klart å sette saman ein over gjennomsnittleg god film. Han er med sine 69 minuttar akkurat passe kort, og meir ein uavhengig film enn den typiske B-filmen som Bruce Campbell pleier å dukke opp i.

Apropos samarbeidet med Bruce Campbell, Josh Becker står også bak Alien Apocalypse, ein film som eg godt kunne tenkte meg å sjå.

Running Time 1997 plakat - Filmdagbok