Rushmore

Kjekk film av Wes Anderson med hjelp av Owen Wilson på manusarbeidet. Filmen har Jason Schwartzman i hovudrolla og Bill Murray som viktig birolle, samt gjentakande framsyningar av Brian Cox, Luke Wilson og den mindre kjente Andrew Wilson.

Ein high school-film i særklasse krydra med merkbare karakterar. Med ei meir alvorleg historie og god musikk. Ikkje ein typisk amerikansk high school-film med seniors og vill festing, men ei meir sofistikert og smart forteljing om ein vaksen 15-åring som har det meste bortsett frå akademisk talent.

Humoren er naturleg nok i retning av The Royal Tenenbaums, men på motsett side av den filmen i forhold til den nyare, og meir krevjande, The Life Aquatic with Steve Zissou.

Rushmore 1998 plakat - Filmdagbok