RV

For ein dag å starte måten på. Eg er mildt sagt overraska, for eg hadde aldri venta meg noko som helst positivt ut av ein familiekomedie med Robin Williams. Tolk meg ikkje feil, Robin Williams er ein skodespelar som er lett å like, men ikkje i familiefilmar. Bortsett frå i denne.

Gangen i historia er ikkje noko ut av det ordinære. Det er ein familie som ikkje likar kvarandre så altfor godt som legg ut på reise i ein campingbil, stort sett mot sin vilje. Undervegs vil dei oppleve ein del motgang, og faren som leigde campingbilen har sjølvsagt ei meining bak turen. Campingbilen er så stor som ein amerikansk campingbil bør vere, og har alt som skal til for at han kan vere eit midtpunkt i filmen. Her har me defekte bremser og ein stoveseksjon som kan heisast ut.

På tide med litt nemning av namn. Her dukkar det opp nok av kjente ansikt, både frå film generelt og tv. I forsetet har me sjølvsagt Robin Williams, som heldigvis ikkje prøver for hardt å vere morosam. Han er framleis ung nok til å vere familiefar, og eg blei ikkje flau av å sjå han prøve å vere kul. Jeff Daniels set på set barten og er far i ein familie som lev på vegen, i ein campingbuss. Ved første augekast kan han verke som ein for ivrig person som eg helst vil halde meg vekke frå, men stereotypen i førsteinntrykket er ikkje varig. Will Arnett bidrog sterkt i starten med å gi ein god start på filmen. Utan han hadde eg nok venta litt med å ta på meg smilet. Og kva er betre enn å sjå Tony Hale dukke opp i ei scene med Will Arnett?

Humoren er ganske enkel, og eg er litt flau over å le så mykje som eg gjorde. Nei, eg er ikkje flau, for filmen var god, og ingen skal få sei noko mot meg fordi eg likar ein film som knuser Cheaper by the Dozen 2 ned i støvlane. Filmen prøver ikkje så hardt å vere morosam, den berre er det. Sjølvsagt er det unntak, eller så er det eg som tolkar det feil. Andre faktorar som spelar inn er jo at eg ser Robin Williams som ein meir seriøs skodespelar. Etter å ha sett både The Final Cut og One Hour Photo.

Eg trur eg dekka det meste av det eg tenkte på undervegs, og vil avsluttingsvis sei at om du ser forbi dei få urealistiske tinga som skjer her, så er dette ein god familiekomedie.

RV 2006 plakat - Filmdagbok