Sabotage

Sabotage er ein kort film av Alfred Hitchcock frå 1936 på knappe 70 minuttar.

Det trengs ikkje meir tid heller til å fortelja historia som er grunnlag for filmen. Ein kinoeigar har ein finger med i spelet når kraftverket i byen blir sabotert og stoppar å levere straum.

Om bruken av ordet sabotasje i filmen er det interessant å kople til dagens tolking av denne type handling. Aviser ville kasta seg over saka og proppa oss full av overskrifter med terror.

Heldigvis kjem me unna terrorsnakket i denne filmen. Her er motiva andre. Dei er kanskje litt for godt skjult, så filmen blir litt uklar. Han er på sett og vis god nok, men samanlikna med andre Alfred Hitchcock-filmar synst eg at han blei tam. Og i denne samanhengen hadde eg vanskeleg for å tenke på anna enn at Alfred Hitchcock stod bak.

Det er altså grei underhaldning dette, og sidan filmen er kort blir det ikkje særleg mykje daudtid. Grunnlaget for filmen er litt tynt, og det merkar eg etter kvart.

Sabotage 1936 plakat - Filmdagbok