Sabrina

Sabrina (Audrey Hepburn) er dottera til sjåføren til den rike familien Larrabees. Ho og faren bur over garasjen deira. Larrabee har to vaksne søner, David (William Holden) og Linus (Humphrey Bogart). Og Sabrina er forelska i David.

David har aldri lagt merke til Sabrina. Den ulykkelege forelskinga fører ho til Paris. Når ho kjem attende er ho vaksen og vakker og blir lagt merke til. Etter kvart tar Humphrey Bogart over skjermtida til William Holden og ting tar seg endå meir opp.

Eg likte filmen. Komedien og romantikken er god. Heile filmen er god. God dialogføring og godt skodespel. Verdt å sjå.

Sabrina 1954 plakat - Filmdagbok