Saddle the Wind

Film · 1958 · · 7. juni 2021
3/5

I søken på gode westernfilmar å sjå, kom eg over ei personleg liste nokon hadde laga med 25 gode westernfilmar frå 1950-talet. Ut i frå dei filmane eg allereie hadde sett på lista, så fann eg ut at dette var lista for meg. Saddle the Wind var ein av titlane eg ikkje hadde sett, og den første eg no har sett.

Lenge har eg hatt ei greie på Filmdagbok med å presentere westernfilmar omtrent ein gong i veka. Rett og slett fordi dette har blitt ein sjanger eg får mykje glede av å sjå.

Saddle the Wind kan skildrast som ein rebelsk ungdomsfilm blanda med klassisk western. Det handlar om to brør, ein godt vaksen og ein ung. Den unge er litt ustabil kan eg sei. Karakteren og måten han blir spelt på passar perfekt inn i samtida, og liknar i stor grad på dei overspelte typane Paul Newman spelar i The Left Handed Gun og James Dean spelar i Rebel Without a Cause.

I korte trekk handlar det om at den yngre broren, spelt av John Cassavetes, er oppsatt på å vise at han er rask på avtrekkaren. Den eldre broren, spelt av Robert Taylor, har tidlegare vore pistolmann, men har ein heilt anna personlegdom. I sine vaksne år har han byrja med kudrift, og styrer unna duellar og anna bråk.

Filmen er fint bygd opp med desse og fleire andre viktige karakterar. Dei ulike karakterane har alle sin plass i filmen, og blir utnytta godt og er lett å plassere og gjenkjenne. Eg dannar meg eit godt bilde av område handlingane foregår i, som er viktig for historia.

På mange måtar er filmen ein fulltreffar. Kanskje berre ikkje på mitt engasjement for historia. Sjølv om John Cassavetes sin ustabile karakter verken blir for dominerande i tidsbruken, og heller ikkje er særleg fæl å observere, så er ikkje idiotien han ufører den sterkaste og beste historia å følgje.

Les også meldingar på livius1.com (engelsk) og cinemaarete.wordpress.com (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på twitter.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
Saddle the Wind 1958 plakat - Filmdagbok