Saint Maybe

Saint Maybe er ein julefilm som kom ut i 1998. Han er regissert av Michael Pressman. I sentrale roller spelar Tom McCarthy, Blythe Danner og Mary Louise-Parker.

Eg hadde ingen føresetnader for å vite kva denne filmen kom til å by på. Det var ein slump og ein sjanse eg gjorde ved å velja akkurat denne filmen i ei liste. Til den grad eg hadde forventingar var det snakk om dette som eit noko seriøst drama.

Filmen handlar om ein tenåring som utløyser ei rekke tragediar når han konfronterer broren med lause mistanker om kona til broren. Me følger han gjennom livet hans, og handlingane hans i ettertid. Ein lang nedtur som blir prega av mange feilaktige val.

Forutan å blande seg inn det private anliggande til andre, og skape problem basert på meiningar, vel han å bli djupt religiøs på toppen av alt. Her har du ein fyr som veit å vere både irrasjonell og destruktiv.

Filmen lukter midt på treet lang vei. Han er litt tung og langsam, men har nokon lyspunkt. Skodespelarane er kurante. Miljøet i filmen er forseggjort. Historia er omfattande og godt fortalt. Sjølv om eg ikkje likar kva som skjer, likar eg måten det blir fortalt på.

Saint Maybe er basert på ein roman av Anne Tyler, ein forfattar eg ikkje har høyrt noko om. Tatt innhaldet i historia til vurdering, tenker eg det er fornuftig å sjå filmen heller enn å bruke tid på boka.

Filmen leverer det seriøse dramaet eg forventar. Han er tidvis interessant, då det er mange karakterar involvert, og nokon tema som kjennest friskare enn andre. I blant er det nokon irritasjonsmoment.

Eg kan derimot ikkje anbefale han. Til det er han for middelmåtig, og det finst nok av andre gode drama og ikkje minst julefilmar å anbefale.

Saint Maybe 1998 plakat - Filmdagbok