Salem Falls

I Salem Falls får me fortalt ei historie som handlar om ein liten by, om hekser og om overgrep. James Van Der Beek er tidlegare dømt for overgrep, men let vere å fortelja dette når han først kjem til Salem Falls. Ein stad han berre var på veg gjennom, men måtte stoppe opp i for å fikse bilen.

Omstenda gir han jobb i kafeen til ei dame spelt av Sarah Carter. Romantikk oppstår på sikt, forhistoria hans kjem til overflata, og nye problem som omhandlar ei ung jente i Salem Falls som driv med heksekraft oppstår også.

Salem Falls er ein Lifetime-adapsjon av ei bok som handlar om det same, men der mange av dei sentrale detaljane er annleis. Det beste filmen har for seg er folka han har med seg, og det klassiske dramaet som oppstår som følger av å ha løyndommar. Og det med heksekraft er også artig.

Min favoritt her er Sarah Carter, som både ser bra ut og spelar godt. James Van Der Beek briljerer ikkje akkurat, men er ein skodespelar eg har følgt sopass lenge at han for min del har si historie i det.

Elles er filmen prega av å vere ein tv-film i måten enkelte scener blir kutta til reklamepause på. Gjerne scener som me burde fått ein meir gradvis utgang av, for å dvele på alvoret. Dette og den manglande evna til å skape ei ubehageleg stemning der det burde vere, er dei svake sidene ved han. Musikken blir eg derimot glad i, og totalt sett likte eg Salem Falls nok til aldri å kjede meg. Det høyres ut som låge krav, men det er meint som meir.

Salem Falls 2011 plakat - Filmdagbok