Salinui chueok

Ein seriemordar er laus på den koreanske landsbygda i Salinui chueok. To inkompetente politietterforskarar prøver så godt dei kan å finne ein skyldig, utan å sky dryge intervjumetodar. Det herskar ein håplaus situasjon både når det gjeld bevaring av bevis og samarbeidsvilje i troppen, noko ein nyleg komen etterforskar frå Seoul får oppleve når han blir med i jakta på ein mordar som passar ein profil som er langt i frå avklart.

Salinui chueok er ein fantastisk god film. Til grunne ligg ein god seriemordar og ei god politihistorie som det skal meir til enn me ser på overflata. Politimennene tilfører ein komisk vri til filmen, men er likevel så mykje meir enn berre dei håplause figurane me får servert innleiingsvis.

Over heile linja leverer filmen både i pose og sekk, nydeleg bilde og skite inntrykk, humor og alvor. At det aldri blir kjedeleg er ein av dei andre sterke sidene ved filmen. Med ei speletid på over to timar kan ting lett stoppe opp. Her blir det derimot stadig bygd vidare og filmen veks gradvis på meg. Når han er ferdig, etter ein fabelaktig slutt, sit eg litt forfjamsa igjen. Men forfjamsa på ein positiv måte.

Salinui chueok 2003 plakat - Filmdagbok