Salmon Fishing in the Yemen

Over tid har eg fått meir sansen for filmane til Lasse Hallström. Den nyleg sette Salmon Fishing in the Yemen er ingen unntak.

Ewan McGregor og Emily Blunt slår seg saman for å lage ei lakseelv i Jemen. Dette er ein film om vennskap, moglegheiter i livet og draumen til ein som blir til lykka til fleire personar.

På plass er den gode kjensla. Filmen byr på nydelege augneblinkar og engasjerande karakterar med glimt i auge. Innspel av tragedie og motgang er også her for å sette ting på spel. Men i det store og heile er dette ein film utan dei verste stundene.

Vennskapen som utviklar seg mellom Ewan McGregor og Emily Blunt er det beste med filmen. Trass i at karakterane ikkje er dei djupaste, utviklar dei seg til det betre. Og dette blir den viktigaste krafta til filmen. Som ein god nummer to er det nydelege visuelle. Ingen overrasking frå Lasse Hallström i at omgivnadene er med å skape rett sinnstemning.

Om eg skal ta fram ein ting som kunne ha gjort det dette til ei topp oppleving for meg, så er det at dei tragiske stundene kunne ha stukke litt djupare. Samtidig som dei lette, fine og komiske stundene hadde vorte verande som dei er. Men dette er flisespikkeri.

Salmon Fishing in the Yemen 2011 plakat - Filmdagbok