Saludos Amigos

Film · 1942 · · 21. januar 2021
3/5

Saludos Amigos er ein av Disney sine pakkefilmar frå 1940-talet. Pakkefilmane var samlingar av kortare animasjonsfilmar, og var det Disney hadde råd til å produsere i dei dårlege økonomiske tidene under andre verdskrig. Og det var også desse filmane som sikra innteninga deira så dei utover 1950-talet fekk råd til å produsere langfilmar.

I Saludos Amigos følgjer me ei gruppe teiknarar frå filmselskapet, då dei dreg på tur til Sør-Amerika for å hente inspirasjon. Dette er innpakninga til dei korte animasjonsfilmane, kor me blant anna møter Donald Duck, Langbein og papegøya José Carioca.

Dette er fornøyeleg på sitt beste. Det største minuset er formatet, pakkefilmen er krydra med litt forskjellig, men har ikkje ikkje ei samanhengande historie. Her er det tematikken som knyter saman. Det gjer at innlevinga mi ikkje blir den største, men også at eg blir open for variasjon og meir tilfeldige idear. Så det er ikkje ein dårleg ting, men heller ikkje ein ting eg favoriserer.

Les også ei melding på cinerama.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Saludos Amigos 1942 plakat - Filmdagbok