Samurai chanpurû

Serie · 2004 · · 14. oktober 2006
3/5

Det har vore ei stund siden eg fullførte ein heil animeserie. Årsaka er enkelt og greitt at eg hadde sett for mykje dårleg og ikkje sett poenget i å prøve meg meir på det. Men når det vart tipsa om Samurai chanpurû som ein god serie, og mi tidlegare erfaring med same produksjonsselskap i form av Cowboy Bebop The Movie var god, så hoppa eg like gjerne i det.

For å halde dette kort vel eg å droppe eit samandrag, serien handlar enkelt og greit om to samuraiar og ei jente som reiser gjennom Japan under Edo-tia for å finne ein samurai som luktar av solsikkeblome. Dei møter mange hinder på vegen. Det heile er tidvis hip hop-inspirert, på same måte som Kaubôi bibappu er westerninspirert. Om eg ikkje tar helt feil.

Serien var stort sett bra, men eit par episodar var også litt kjedelege. Dei tre siste episodane tok serien opp på eit heilt nytt nivå, og det heile blei verdig runda av. Det er ikkje målet i seg sjølv som er viktig i serien, men vegen til målet, og det var ein del sprø slåsting og mørk humor innblanda.

IMDb-logo
Samurai chanpurû 2004 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Kazuya NakaiGinpei SatoAyako KawasumiVis alle

Sjangrar

Land