San Andreas

San Andreas er ein katastrofeporno til det ytste. Det er lite av det som skjer som er avgrensa i storleik eller verkar realistisk, likevel er det underhaldande.

Noko av grunnen til at San Andreas får godkjent er at han har nevenyttige karakterar som veit å handle. Trass i at bygningar rasar saman og dei gong på gong så vidt overlever, så er det naturen og ikkje dei sjølv som er den største fienden.

Straks eg godtar at dette berre handlar om å vise øydeleggingar, så kan eg akseptere at det er fullstendig urealistisk. Eg er i utgangspunktet ikkje så glad i store og animerte øydeleggingar på film, men her er det trass i alt gjennomført med ein dose ironi. Det vel eg å tru.

Ein annan ting eg likar med San Andreas er at filmen har gode skodespelarar med sjarm eller pent utsjånad i dei sentrale rollene. Det passar utmerka i denne type film. Dwayne Johnson har eit nærvær som er ei hovudrolle verdig. Carla Gugino og Alexandra Daddario er nydelege, men tilfører så mykje meir enn forventa. Pen åleine er ikkje nok, og karakteren til Alexandra Daddario er ei overrasking med handlekraft. Det er sjeldan eg ser det i katastrofefilmar kor ein far drar for å redde dottera si.

Det kokar ned til to poeng som gjer San Andreas til godkjent underhaldning. Det eine er altså karakterar som er lette å like, og det andre er ei uhøgtideleg tilnærming til det å pøse på med vanvittige mengder effektar og øydeleggingar.

San Andreas 2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

19. august 2016 av

Regissør

Brad Peyton

Manusforfattarar

Carlton Cuse, Andre Fabrizio, Jeremy Passmore

Skodespelarar

Dwayne Johnson (I), Carla Gugino, Alexandra Daddario, Ioan Gruffudd, Archie Panjabi, Paul Giamatti, Hugo Johnstone-Burt, Art Parkinson, Will Yun Lee, Kylie MinogueVis alle 252 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Drama, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om San Andreas