Sanditon

Serie / 2019–2019
3/5

Jane Austen skreiv på Sanditon like før ho døde, og blei aldri ferdig. Ulike versjonar av slutten har blitt skrive sidan den tid. I denne serieadapsjonen har Andrew Davies utvikla karakterane og gjort sin eigen vri.

Rose Williams er i den sentrale rolla som unge frøken Heywood som drar til kystbyen Sanditon. Her bur ho i lag med ein familie kor mannen, spelt av Kris Marshall, skal utvikle byen til å bli ein ettertrakta feriestad for dei rike.

Dette er ei historie om klassar, pengar, kjærleik og personlege drama. Stort sett i kjent Jane Austen-stil. Eg likar lenge det eg følgjer med på. Det er både godt drama og ein dose humor her. Men så er det siste episode då, som eg ikkje kan unngå å nemne. Slutten kjem fort og lev absolutt ikkje opp til håp og forventingar, og skuffar nok til at heilskapsinntrykket blir redusert.

Hadde slutten vore fin så hadde dette blitt bra. Ikkje så bra som Pride and Prejudice i serieform, Pride & Prejudice som film, Sense and Sensibility eller Love & Friendship. Men likevel ein god serie.

Sanditon 2019-2019 plakat - Filmdagbok