Santa Claus: The Movie

Santa Claus: The Movie er ein film om julenissen frå 1985. Filmen har David Huddleston i hovudrolla som julenissen, og John Lithgow som ein svindlar som tek opp konkurranse med julenissen.

Første del av filmen fortel historia om korleis julenissen vart til. Me får bli med til nordpolen, der me møter alvane, vert vist rundt i leiketøyfabrikken, helser på reinsdyra, og me følger så julenissen på levering av gåvene.

Etter kvart dukkar John Lithgo opp som ein moderne fiende av julenissen, og både rykte til julenissen og sikkerheita til mange barn står på spel.

Det beste med Santa Claus: The Movie er at teknologien og kanskje budsjettet òg har avgrensa effektnytta til fyrverkeri og enkel bruk av green screen. Ein av tinga eg ikkje likar med mange nyare julefilmar er at dei ser falske ut, fordi alt skal vera så fantastisk, og dataanimasjon er ein enkel måte å oppnå dette på. Santa Claus: The Movie ser ofte enkel ut, men alle kulissene, kostyma og rekvisittar ser i det minste ekte ut, og det betyr litt.

Av filmar om julenissen scorar denne høgt. Han er i lengste laget, og sjølv om eg har sansen for John Lithgo som skurk både her og generelt, så vert eg lei av handlinga etter kvart. Men stort sett er det lett å like.

Santa Claus: The Movie 1985 plakat - Filmdagbok