Saw III (2006)

Film / 7. januar 2007
1/5

Den tredje filmen i torturenserien Saw er ikkje noko tess. Syke torturscener og reinspikka drapslyst er innhaldet her. Ei slags historie, og nokon forklaringar til tidlegare filmar er ideen her, og det er et langdryge skode. Dessutan er det så overdrive groteske bilde, som dei godt kunne spart seg for å vise så detaljert, og ikkje hatt noko problem med å gjere det heile til en fæl film.

Saw III er exploitation av grovaste sort, og eg ser ikkje helt kvifor den kom på kino. Dette er meir film rett på video, og har verken solide skodespelarar eller spesielt god historie. Kamera og klippinga er det verste og mest irriterande eg har sett på lenge, og øydelegg det som er igjen å øydelegga. Det blir med andre ord en uutholdande film, og det seier en som synst Saw var nytt, og Saw II også gjekk an. Holde seg borte frå denne, det er ingen ting å hente her! Og la det vere sagt, eg hadde eigentleg trudd denne skulle vere grei.

Saw III 2006 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Saw

Regi

Darren Lynn Bousman

Manus

James Wan, Leigh Whannell

Skodespelarar

Tobin Bell, Shawnee Smith, Angus Macfadyen, Bahar Soomekh, Donnie Wahlberg, Dina Meyer, Leigh Whannell, Mpho Koaho, Barry Flatman, Lyriq Bent

Sjangrar

Grøssar, Krim, Thriller

Land

USA, Canada

IMDb

IMDb-side om Saw III

Forfattar