Say Anything...

Tenåringsromantikk frå 1980-talet med John Cusack og Ione Skye i eit scenario etter high school. Her er det flust av kassettar og tvilsame klesdrakter.

Say Anything… er ein film elska av mange, og han har fått sin plass både på filmlister over drama likt av den generelle befolkninga og i 1001 filmar du må sjå før du dør. Det var ingen vits å utsette å sjå han lenger tenkte eg.

Historia er som følger: Normal gut møter smart jente, som skal reise bort etter sommaren. Dei bestemmer seg for å bli saman. I det minste for den korte perioden fram til då. Så tenker du kanskje eller kanskje ikkje at filmen hoppar fort fram til reisinga og det oppstår klisjeaktige episodar då. Men nei, filmen hoppar lite, og klisjeane finst over heile linja.

Filmen er god tykkjer eg, med nok av stikk til sida som passar inn, sånn at det ikkje kjennest så enkelt ut som det eigentleg er. På nokon område, som framstillinga av faren til jenta, så viser filmen at det ikkje er nødvendig å dra stereotypien heilt ut, ikkje eingong i denne sjangeren.

Lloyd (John Cusack) er nok for snill og perfekt, og Diane (Ione Skye) for naiv til å vere så smart. Men i denne sjangeren, frå dette tiåret, har eg ikkje høge krav til grunnlaget for historia. Så lenge det er dramatikk, boomblasters og eit par stygge hårsveisar her og der, så er eg med på det.

Say Anything... 1989 plakat - Filmdagbok