Scanners

Film · 1981 · · 1. januar 2007
4/5

Scanners er ein forstyrrande film der me etter ein tidleg introduksjon av hovudrolla Cameron Vale (Stephen Lack), blir tatt med på ein ekskursjon gjennom eit samfunn av menneske og scanners, og gradvis får avslørt ein maktkamp som ikkje er så enkel som han kan verke ved første blikk.

Scanners-skapningane ser ut som vanlege menneske, men har ei telepatisk evne som gjer at dei kan styre og føle andre sine nervesystem. Eit mektig våpen i feil hender, som kan brukast til kjekke ting som blant anna å sprenge hovudet til ein person i lufta.

Forstyrrande til tider, ein film der ikkje alt er svart-kvitt, der musikken er av Howard Shore og der filmen gjer ei akkurat stor nok vending til at det ikkje blir kjedeleg. Dette og ein god prestasjon av Michael Ironside som får meg til å tenke på Jack Nicholson, er nok til å bli ein solid time og ein halv.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Scanners 1981 plakat - Filmdagbok