Scarface

Sei Scarface og dei fleste tenker på Al Pacino som narkobaronen Tony Montana i 1983-filmen Scarface av Brian De Palma. Men Scarface er opphavleg kallenamnet på den berykta Chicago-gangsteren Al Capone, som nettopp hadde eit kutt i ansiktet.

Howard Hawks har regissert mange gode filmar i løpet av karrieren sin, altfor mange eg ikkje har sett endå. Scarface frå 1932 er nok ein av dei gode og er laust basert på Al Capone sine handlingar. Rykta seier at mannen likte filmen så godt at han kjøpte ein eigen kopi.

Filmen følger Antonio Camonte (Paul Muni) frå småkriminell til ein høgare posisjon i den organiserte kriminaliteten, som styrer den ulovlege importen av alkohol i form av øl. Mange kjemper om å bli president i sosialklubben etter den førre blei avretta, og det er oppi dette Tony styrer på.

Det flotte med eldre krimfilmar er at dei ikkje går rundt grauten med meiningslause avstikkarar eller tomme bilde. Om det alltid kjennest så naturleg er ein annan diskusjon, men så er jo dette film. Paul Mun serverer ei fargerik tolking av Tony som stadig utover filmen overraskar av å vere både menneskeleg og nådelaus. Filmen blei opphavleg ferdigprodusert i 1930, men på grunn av denne glorifiseringa blei han stoppa av sensorane og blei ikkje lansert før to år seinare.

Etter no å ha sett nokon av filmane til Howard HawksHis Girl Friday og Scarface – og likt begge, tenker eg det er på tide å sette seg meir inn i denne fascinerande regissøren. Både via screwball-komedie og western.

Scarface 1932 plakat - Filmdagbok