Scents and Sensibility

I Scents and Sensibility spelar Ashley Williams og Marla Sokoloff to søstre som blir tvinga til å tenke meir på jobb og pengebruk, når faren blir tatt for svindel og deira avhengnad til pengar frå han blir ramma.

Filmen er basert på Sense and Sensibility av Jane Austen. Sidan det er over åtte år sidan eg såg filmatiseringa til Ang Lee av Sense and Sensibility, så er det ukjent for meg i kor stor grad filmen følger originalverket.

Dette er inga stor oppleving, men noko sjarm dukkar opp til overflata i blant. Det er fornøyeleg nok å sjå gjengangarar frå tv-filmar, og kor straumlinjeforma ein film kan bli. For det største problemet til Scents and Sensibility er ikkje at han er enkel, men at filmen nesten er fråverande av spenning.

Noko humor, forretningsideen og Marla Sokoloff er det som generelt trekk opp.

Scents and Sensibility 2011 plakat - Filmdagbok