Schitt's Creek

Serie · 2015 · · 28. juli 2021
4/5

Schitt's Creek er ein serie frå 2015. Dan Levy er serieskaparen. Catherine O'Hara, Annie Murphy og Eugene Levy er skodespelarar i sentrale rollar.

I 2017 såg eg dei to første sesongane av serien, og var ikkje nødvendigvis overbevist. Men då eg tok opp igjen tråden i 2021, tykte eg serien hadde løfta seg eit solid hakk. Og deretter gjekk det for unna.

Schitt's Creek er både morosam og til tider gripande og rørane. Noko eg ikkje hadde forventa når eg byrja å sjå serien.

Eg blir rett glad i både karakterane og småbyen handlinga er lagt til. Og det er nesten vemodig å sjå ferdig serien.

Schitt's Creek handlar om ein rik familie som går konkurs, og blir tvungen å relokalisere seg til ein småby. Dei har levd livet med rikdom, og har hatt rom for å utvikle mange overdrivne særpreg som igjen fører til festlege episodar i den motsatt fargerike småbyen dei havnar i.

Det kan vere vanskeleg å vite kva seriar som er verdt å byrje på, og kva som held seg godt frå start til slutt. Schitt's Creek er ein serie som verken har for lange sesongar, og som blir berre blir betre og betre etter kvart i løpet av dei seks sesongane han varer. Og som har ein skikkeleg slutt. Eg kan varmt anbefale serien.

IMDb-logo
  • Schitt's Creek 2015 plakat - Filmdagbok
  • Schitt's Creek 2015 plakat - Filmdagbok
  • Schitt's Creek 2015 plakat - Filmdagbok
  • Schitt's Creek 2015 plakat - Filmdagbok
  • Schitt's Creek 2015 plakat - Filmdagbok
  • Schitt's Creek 2015 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Eugene Levy (I)Catherine O'Hara (I)Dan Levy (VII)Vis alle

    Sjanger

    Land