Schizopolis

Film / 1996
2/5

I 1996 kom denne eksperimentelle komedien, av og med filmskaparen Steven Soderbergh, som her gjorde si første rolle. At han er eksperimentell inneber også at han er vanskeleg å forklare i korte trekk. For her skjer det mykje som ikkje blir grunngitt, og sikkert noko som Steven Soderbergh har teke med på pur faen for å forstyrre.

Første halvdel av filmen er via mest til den kontortilsette Fletcher Munson, som i andre halvdel blir seg sjølv i ein annan person, tannlegen Jeffrey Korchek. Han ser ut til å mislike jobben sin, snakkar på avanserte termar med kona si, og går brått over til å snakke japansk ein plass. Så er det Elmo Oxygen, ein fyr i oransje kjeledress som med følge av eit kamerateam besøker heimeverande damer forkledd som skadedyrutryddar, før han blir overtala til heller å reise rundt å banke opp folk.

Fortvil ikkje om dette høyres uforståeleg ut, for når eg tenker meg om så forstod eg svært lite i filmen, og er såleis ikkje skikka til å lage eit samandrag på det. Men det betyr ikkje at filmen var bortkasta tid. Han fungerte som komedie, for det meste på absurd vis. Endå han blir berre ei middels god kryddersuppe totalt sett.

Schizopolis 1996 plakat - Filmdagbok