School of Life

Matt har i alle år levd i skuggen av sin populære far, som lærar på ein high school. Når faren dør trur han at han vil bli den mest likte læreren på skulen.

Så dukkar Mr. D opp, ein ung og kul lærar som alle umiddelbart likar. Matt føler seg trua, men er uansett ikkje ein populær fyr, så me veit at her vil det skje meir.

School of Life er ein film frå ABC og har den greia som mange tv-filmar har, ei ukomplisert historie med eit klisjefylt senter. Det betyr ikkje at det er dårleg, berre at filmen ikkje nødvendigvis vil gå inn for å overraske.

Tv-film er sånn sett eit trygt val for avslapping. Eller for å vekke litt kjensler. School of Life er blant dei som går inn for dette, og køyrer på med bøtter av klisjear for å vere både ein glad, trist og inspirerande film.

School of Life 2005 plakat - Filmdagbok