Scott Pilgrim vs. the World

Edgar Wright, mannen bak Shaun of the Dead og Hot Fuzz er tilbake, denne gongen over dammen i lag med kanadisk ungdomsstjerne nummer ein, Michael Cera.

Inspirert av videospelestetikk har Scott Pilgrim vs. the World ein frisk form utan særleg rom til å kjede seg. Då videospelnerdinga får nok å sei gjennom forteljarstilen, er det kjærleik og musikk som tar opp plassen i handlinga. Ei løysing som fungerer godt. Michael Cera får spele ein av dei meir nyanserte rollene hittil i karrieren sin, og kombinerer det uskyldige ungdomspreget sitt med ei side som er både endå meir menneskeleg og kanskje ikkje alltid så hyggeleg.

Trass i at både form og figurar sit godt, blir det som om noko manglar frå filmen. Som underhalding og ung kjærleiksfilm er dette langt oppe på lista, men i det lange løp endar filmen med å gjenta seg sjølv nokon gonger før han rundar av. Det har ingenting med forventingar å gjere, men eit inntrykk eg fekk i starten av at denne filmen hadde noko vesentleg å fortelja ved sidan av det reont underhaldande. På dette område innfridde ikkje filmen undervegs, og dette er grunnen til at toppkarakteren uteblir.

Men nære, veldig nære, er han. Og definitivt ein film som skal sjåast igjen.

Scott Pilgrim vs. the World 2010 plakat - Filmdagbok