Screamers

Miljøet her er ganske lik det i Total Recall. Me er på ein fjern planet i år 2078. Planet har blitt brukt til å utvinne eit mineral som er rikt på energi. Men etter det viste seg at mineralet var radioaktivt har drifta av gruvene stoppa, og berre militære utpostar er igjen. Ved hjelp av ein spesiell type sigarett er det mogleg å motverka radioaktiviteten.

Vår protagonist, Joe Hendricksson (Peter Weller), er øvstkommandant i ein av dei militære basane. Ein dag får han beskjed frå ein av sine overordna å møte for fredsmekling i ein annan base, for å få stopp i den langvarige krigen mot dei som ikkje er allierte. Men for å komme seg dit må han gå, og på vegen lurer det massevis av screamers. Det er ei form for intelligente mekaniske skapningar som kan produsere og utvikle seg sjølv, og er ute etter å drepe menneske.

Så følger filmen standard prosedyre med ei mindre gruppe militære i eige av kraftige våpen som skal komme seg frå ein plass til ein annan og må drepe både forventa og utforventa skapningar på vegen. Me har sett det nok gonger før, både før og seinare. Det næraste eg kan samanlikne med nettopp no er Doom, sjølv om denne filmen var fleire hakk betre.

Elles vil eg nemna at dette er ein film basert på ei novelle av Philip K. Dick. Det er for så vidt er grunnen til at eg ser han. Og med dette har eg sett alle filmatiseringar som er gjort av denne forfattaren, med unntak Confessions d'un Barjo, mindre tv-produksjonar og ein dokumentar.

Screamers 1995 plakat - Filmdagbok