Screwballs

Screwballs er eit samansurium av barnsleg humor, og svært lite historie. Fem gutar møter på kontoret til rektor på grunn av dårleg oppførsel. Dei inngår ei pakt om å prøve seg på den penaste jenta på skulen, som også er tilsynelatande jomfru, smiskete og slu. Heile filmen handlar om teite forsøk på å enten få ho avkledd eller ligge med ho.

Screwballs har nødvendigvis to enkle målsetjingar: Vise unge, lettkledde damer og få utløp for ei svært enkel form for komedie. Her lykkast filmen. Deler av komedien fungerer, men forutan den enkle samanhengen i filmen, framstår dette som eit stykkevis resultat med idear som er tvinga inn.

Sett i samtida med retro ungdomskomediar er det ikkje overraskande å finne ein film som Screwballs. Ein film som verkar som, utan at eg har lese meg fram til dette eller serverer det som fakta på noko måte, eit bestillingsverk frå produsentar som har kravd at enkelte element berre må med for å selje filmen.

Screwballs 1983 plakat - Filmdagbok