Scrooged

A Christmas Carol av Charles Dickens er laga i mange variantar, og etter å ha sett Scrooged slår det meg at komediane gjerne er dei variantane som leverer best. Mellom anna The Muppet Christmas Carol, og no denne.

Bill Murray er Scrooge, som går under namnet Frank Cross i denne filmen. Han styrer tv-nettverket IBC og er ein mektig kar som ikkje går i vegen for å behandle folk under seg som drit. Rundt juletider og under førebuingane av eit direktesendt A Christmas Carol-stykke får han sjølv besøk av dei tre spøkelsa frå denne historia.

Scrooged er med Bill Murray i hovudrolla, naturleg nok ein komedie, ein morosam ein. Han er ikkje fullt så tåpeleg og enkel som ein del anna komedie som Bill Murray var med i på 1980-talet, Ghostbusters ekskludert. Han tar seg nok fridomar frå historia han er basert på til at det blir kjekt å sjå på, og ikkje berre blir nok ein repetisjon av det klassisk verket til Charles Dickens.

Alt i alt er dette ein av versjonane av A Christmas Carol eg kan like, utan at han er nokon klassikar i seg sjølv. Men han blandar humor på ein fin måte i lag med sentimentaliteten og verdiane som Charles Dickens framhevar.

Scrooged 1988 plakat - Filmdagbok

Publisert

21. desember 2009 av

Merkelapp

Julefilmar

Regissør

Richard Donner

Manusforfattarar

Mitch Glazer, Michael O'Donoghue, Charles Dickens

Skodespelarar

Bill Murray (I), Karen Allen, John Forsythe, John Glover, Bobcat Goldthwait, David Johansen, Carol Kane (I), Robert Mitchum (I), Nicholas Phillips, Michael J. PollardVis alle 112 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Fantasi, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Scrooged