Scrubs (2001–2010)

Serie / 29. august 2015
4/5

Scrubs er ein av mine favorittkomediar gjennom tidene. Sidan eg blei ferdig med serien i 2010 har eg venta på å sjå han igjen. Både for å minnast dei gode tidlege sesongane. Og fordi eg såg sesongane i tilfeldig rekkefølge den gongen.

Gjensynet med første sesong var kjekt. Det tok eon kort episode før eg kom inn i varmen igjen med serien. I motsetning til tidlegare så tok eg det med ro, og såg toppen tre episodar om dagen, med pausar enkelte dagar. Sjølv om eg ikkje alltid klarar å halde meg i taumane på den måten, nettopp fordi noko er så bra, så har det sin fordel. På denne måten fekk eg reflektert meir undervegs, og latt episodane stå meir på eigne bein, framfor berre å vere del av ein heilskap. Det gjorde serien verken betre eller dårlegare enn før, men eg vil tru eg hugsa meir til ettertida.

Eg held fram med andre sesong eit par dagar etter eg gjorde meg ferdig med første sesong. Den største forskjellen med tanke på handling og karakterar er at våre yngste legar har gått frå å vere interns til residents. På denne måten har serien også blitt litt vaksnare. Humoren er framleis like tullete, men eg får inntrykk av at seriøse tema i større grad er grunnlaget for episodane. Dette kan også ha med tilknytinga mi til karakterane å gjere, men sånn blir iallfall andre sesong opplevd. Episodane gjekk uansett unna.

Vidare utvikla serien seg meir gradvis. Eg såg dei neste sesongane utan å tenke på kor den eine slutta og den neste starta. Dei gjekk fortløpande utan særleg inntrykk om forandring. Folk veks opp, og det har litt å sei. Barn, giftarmål, og så vidare. Så eg hoppar litt framover i tid.

Serien leverer sitt beste fram til ut i sjette sesong ein plass. Det var første gang eg merka at den store iveren var borte, og serien hadde endra seg frå sitt sjarmerande rare til å bli for vaksen. Episodane vidare var prega av starten på slutten. Frå her av til og med sjuande sesong var Scrubs litt dårlegare enn før. Det er ikkje å sei at serien var blitt dårleg. Etter å ha sett så mange episodar dei siste vekene hadde serien igjen gjort sitt inntrykk på meg, og den gradvise endringa mot eit nødvendig skifte i karakterane sitt liv var ikkje den same moroa som serien tidlegare status quo.

Dei siste to episodane av sjuande sesong var laga som ei avslutting på serien. Når det likevel kom to sesongar til, så var dette ein bonus, men også ein merkbar ulikt serie. ABC plukka opp Scrubs frå NBC, og serien måtte bli billegare å lage. Eit klassisk trekk i fleire langtlevande seriar som opplev minkande sjåartal, men framleis er innbringande nok, er å gjere redusere kostnaden ved å la vere å ha med alle skodespelarane i alle episodane. Enkelte episodar har så lite som to av stjernene med, og det merkast. I staden blir meir tid brukt på nye interns.

Om åttande sesong var ein bonus, så var niande sesong ein dobbelbonus. Nesten som ein ny serie. Bill Lawrence ville kalle serien Scrubs Med, men ABC sa Scrubs. Det som er igjen frå tidlegare er få av stjernene. I staden serien gir rom til nye og yngre medisinstudentar. Det er ein spesiell sesong, ettersom både miljøet er nytt, og liva til dei gjenverande av dei tidlegare karakterane er fullstendig snudd på hovudet for å passe det nye opplegget.

På enkelte område har eg meir sansen for den siste sesongen enn sjuande og åttande sesong. Humoren er på plass, og heile opplegget kjennest nytt nok. Det største minuset er at det er vemodig å sjå kjære karakterar bli redusert til små og ubetydelege roller. Åttande sesong fungerte delvis som ein overgang til dette, men det faktum at Scrubs ikkje hadde hatt fråfall av karakterar tidlegare, gjorde sitt til at endringa blei merka. Så hadde det ikkje vore for at Scrubs Med levde i skuggen av Scrubs, så kunne eg tenke meg meir.

Dette tilbakeblikket på Scrubs har tvinga meg til å sjå på serien som ein firedelt serie. Scrubs på sitt beste, første til sjette sesong. Starten på slutten for Scrubs, sjette til sjuande sesong. Budsjett-Scrubs, åttande sesong. Og nye og fornøyelege, men på tide å gi seg Scrubs, niande sesong.

Det eg har prøvd å få fram er at dette er ein herleg serie, som trass i å bli litt oppbrukt mot slutten som mange langtlevande seriar, eigentleg er god og absolutt verdt tida frå start til slutt.

Scrubs 2001-2010 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

NBC, ABC

Skapar

Bill Lawrence (III)

Skodespelarar

Donald Faison, John C. McGinley, Ken Jenkins, Zach Braff, Sarah Chalke, Neil Flynn, Judy Reyes, Robert Maschio, Sam Lloyd, Aloma Wright

Sjangrar

Komedie, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Scrubs

Forfattar